Vik Fasade - brukt på byggeprosjekt støtta av Enova
18.11.2009
Løvåshagen Borettslag består av 52 lågenergibustadar og 28 passivhus. Her vert energi-
sparing teke på alvor.
Mellom anna er det brukt ekstra isolasjon, minimale kuldebruer og
balansert ventilasjon. Enova har støtta byggeprosjektet.
Det er med stoltheit vi kan sei at fasaden er Vik Fasade Glattpanel (type Royal).
Sjå annonsa frå Enova (saksa frå DN 06.11.09) og www.enova.no.
Ny fasadekatalog klar for nedlasting
12.10.2009
Fasadeprodukta har fått ny katalog, med ny profilering og ikkje minst nye produktnamn.
Dei nye namna skal forhåpentlegvis gjere det lettare å skilje dei ulike produkta,
og har i tillegg
eit internasjonalt preg over seg.
Katalogen kan lastast ned her "Vik Fasade".
Sommer NM Skiskyting 2009
10.07.2009
Sommar-NM på rulleski skal vera ein folkefest for store og små. I tillegg til alle
skiskyttarstjernene, kjem også norges beste lausdansarar til Vik laurdag 19. september.
FRIKAR skal syne det flotte showet sitt KRUK. Alexander Rybak er med som gjesteartist.
Sommar-NM vil derfor verta eit stort arrangement. Til saman med løparar, støtteapparat,
funksjonærar, foreldre, forbundet, presse og tilskodarar, vil det truleg vera mellom
1500 og 2000 pers. tilstades på konkurransane kvar dag. Over 1000 av desse vil
vera tilreisande, og dette vil skapa store ringverknader for bygda.
Link:
nm2009vik.no